Os skule Postboks 84 5202 OS
Leveringsadresse: Oshaugen 6
Tlf.: 56 57 53 63
Faks: 56 30 28 56
E-post: postoss@os-ho.kommune.no Vi ynskjer at flest mogleg nyttar e-post og ikkje sender brev til skulen.
Skulen
Os skule er ein barneskule og ligg i sentrum av Os, like bak kyrkja. Skuleåret 2009-10 har vi 363 elevar og 50 tilsette. Bygningane er frå ulike periodar. Gamleskulen vart bygd i 1914. Nybygget vart ferdig i 2004.
Visjon og verdiar
Verdiar vi byggjer barnet si utvikling på Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring.
På reise var gjennomgangstemaet i den innhaldsrike framsyninga som 7. trinn viste for heile skulen. Dei var innom mellom anna Irland, Nynorskland og enda til slutt på Søfteland.
Kjære elevar og føresette!
Det har vore ein travel vår med mange flotte arrangement. Takk til elevar, foreldre og tilsette som på så mange ulike måtar arbeider for at skulen skal vera ein god arbeidsplass for vaksne og born.
Prosjektet ”Vi les, skriv og syng på nynorsk” har fått mykje merksemd, også utanfor skulen. Det har mellom anna ført til at tre lærarar ved skulen er med i eit såkalla bedømmarpanel for Skrivesenteret i Trondheim.
Onsdag 21. april deltok elevar frå 5. – 7. trinn i symjekonkurranse i Osbadet. Elevane frå Os skule fekk flotte plasseringar. Det er kjekt å sjå at mange driv med symjing på fritida og at dei får resultat.
18. mai starta den årlege gå-aksjonen i regi av FAU. I denne perioden har det vore merkbar nedgang i trafikken rundt skulen. Svært mange elevar har vore ivrige, og heile 73 spreke elevar gjekk kvar dag.
Skulebiblioteket og "Program for skulebibliotekutvikling"
Elevane får låna bøker i sommarferien. Bøker som dei har hatt ei stund, må leverast inn. Det er fint viss de heime hjelper til med det. Skulebiblioteket er aktivt i bruk hos oss. Elevane finn roen og kan sitja lenge med bøker og anna arbeid der.
Hugs å ta turen oppom skulen for ta med klede for borna dykkar. Fredag 25. juni pakkar vi alle klede som ligg att og sender til Fretex. Av erfaring veit vi at mange dyre og flotte klede ligg att.
20.06.10 kl. 16:07
Ny rektor
Beate Moberg er tilsett som ny rektor på Os skule frå 1. august 2010. Ho er for tida kommunaldirektør for tenesteutvikling i Os kommune.